Blå skule imponerar på Solstråleøya!

Publisert av: Martha Nygård Lande
13/4/2019 10:13

Det er driftige elevar på Blå skule. Det viser mykje igjen etter Blå skule sitt arbeid, og samstundes ser det ut for at dei har det veldig kjekt.

Tidlegare i veka vart det laga utepeis. Det var Petter, Nickolas og Joacim som stod for dette arbeidet.

 

Dei har også hatt ute 10 fuglekassar, og alle har det vore reir i.

 

På torsdag var det opning av gapahuken, som dei har arbeidd med i vinter, men før opninga var det klart for eit bad. Det var ein tøff gjeng som hoppa uti. Sindre, Nickolas, Sander, Henrik, Håvard, Rita, Annike, Terje og Kari (rektor) gjennomførte aprilbadet.

 

Etter ein frisk dukkert, holdt rektor Kari Pettersen ein flott tale, der ho skrytte av alle på Blå skule. Så var det tid for opning av gapahuken, som hadde opptil fleire snorer.