Plattform fører til problematikk ved slep gjennom Langenuen

Publisert av: Johnny Helgesen
12/1/2018 14:16

Vert Tysnes mørklagt?

 

Ved Digernessundet ligg no den største plattforma i sitt slag forankra, og ventar på at Kværner gjer ferdig arbeidet med byggeprosessen. Kring april i år vil plattforma verta frakta heile vegen opp til Norskehavet, og plassert ved Aasta Hansteen feltet. Plattforma med same namn skal utvinne gass, kor feltet har eit størrelsesvolum på 47 milliarder kubikkmeter.

Utfordringane under slepet vert store, blandt anna ferda gjennom Langenuen. Når den 157 meter høge norske stoltheita bevegar seg under dei lange høgspentlinjene på heile 60 000 volt, må sikkerheita og det tekniske ingeniørarbeidet vere på plass. Av den grunn må Haugaland Kraft stenge straumen. Men heldigvis for befolkninga på Tysnes, får ikkje dette nokon konsekvensar for oss, melder kraftselskapet.