Erlend Ropstad og Bjørn Eidsvåg kjem til Tysnesfest 2022

Publisert av: Martha Nygård Lande
31/3/2022 18:01

Erlend Ropstad har lagt stein på stein i sin 17 år lange musikkarriere og no er han endelig klar for Tysnesfest!

Han blir omtala som ein klippe og ein kolossal artist innan norsk rock. Sakte men sikkert har han gått frå support-jobbar på små klubbar her heime og i Europa, og gjennom hundrevis av konsertar har han no spela seg til Øyfestivalen sin hovudscene, utselte konsertar på Rockefeller og ikkje minst Tysnesfest 2022!

I april 2021 gav han ut sitt foreløpig siste album “Da Himmelen Brant Var Alle Hunder Stille” som blei hylla med terningkast 6 i Dagsavisen, Dagbladet, NRK Sørlandet samt ellers utelukkande gode tilbakemeldingar og heftig radiospeliong.

Erlend sin reflekterande og trygge personlegheilt i kombinasjon med kompromisslaus låtskriving gjer at han av beskrives av stadig fleire som norsk rocks fremste eksponent for sjangeren.

I 2019 blei Ropstad krona med Prøysenprisen, og albumet “Brenn Siste Brevet” blei kåra til årets beste norske album uansett sjanger i Dagsavisen si prestisjefylte liste laga av 50 musikkjournalistar.

Erlend Ropstad tek deg med inn i rockens verden laurdag 9. juli på Gjerstad Arena!

 

Bjørn Eidsvåg tek med seg fullt band og sin slagerkatalog når han kjem tilbake til Tysnesfest.

Eidsvåg var med oss når me gjennomførte minifestivalen Tysnesfest-isj i 2021, og me blei einige med han der og då at han måtte koma tilbake i 2022 og spela for mange tusen på Gjerstad!

Dei siste åra har Bjørn Eidsvåg spilt teaterforestillinga «Etterlyst: Jesus» på scenar over heile landet, fylt sjølvaste Operaen tre gonger, stått på ei rekkje festivalscener, gitt ut bok og lagt ut på ein nærast utseld Norgesturné saman med Sigvart Dagsland.

Med 25 studioalbum og eige hyllestalbum har Eidsvåg opparbeida seg ein heilt unik posisjon i norsk musikkliv. Han har skrevet ei rekkje udødelege låtar som fleire generasjonar av nordmenn har eit sterkt forhold til. I tillegg har Eidsvåg ei unik formidlingsevne både som songar og historieforteljar, noke som får publikum til å vende tilbake år etter år.

Ein konsert med Bjørn Eidsvåg og bandet er ei oppleving som passar like godt i Oslo Spektrum som i kyrkjer, kulturhus og festivalar over det ganske land.

Bjørn Eidsvåg speler på Gjerstad Arena fredag 8. juli 2022.

 

Hittil er følgande artistar lansert til Tysnesfest:

Torsdag: Plumbo, Hagle, Halva Priset, Soppgirobygget, Helene Olafsen, Staysman

Fredag: Bjørn Eidsvåg, Chris Holsten, CC Cowboys

Laurdag: Erlend Ropstad, Ronan Keating, Synne Vo, Kjartan Lauritzen, TIX