Nå kan du tidlegrøysta

Publisert av: May Britt Meland
6/7/2023 13:52

Tysnes kommune melder på heimesida si at det no er mogleg å tidlegrøyste.

Dersom du ikkje har høve til å røysta på valdagen eller ved førehandsrøysting, kan du tidlegrøyste frå og med i dag, 3.juli 2023.
Dersom du ikkje har høve til å røyste på valdagen eller ved ordinær førehandsrøysting, kan du tidlegrøyste.

Du kan avgje tidlegrøyst i rådhuset frå 3.juli til og med 9.august, i ordinær opningstid.

Det er best om du tek kontakt på førehand for å avtale tid for tidlegrøysting.

Ta kontakt på telefon 53 43 70 00 mandag-fredag mellom kl. 10.00-14.00 eller send ein e-post til post@tysnes.kommune.no for å avtale tid.