Foto: Tysnes Sparebank

Tysnes Sparebank i nye lokaler i Leirvik sentrum

Publisert av: Martha Nygård Lande
19/1/2019 11:50

18. januar 2019 opna Tysnes Sparebank og Aktiv Eigedomsmekling nye lokaler i Meierikvarteret i Leirvik sentrum. I den forbindelsen vart det sendt ut ei pressemelding frå banksjef Dag Sandstå og dagleg leiar i Aktiv Eigedomsmekling AS, Kjell Fylkesnes.

Sandstå seier i pressemeldinga at : ”Det er med gleda me no kan tilby våre kundar og tilsette topp moderne lokale med enkel tilkomst”

Banksjef Dag Sandstå
Foto: Tysnes Sparebank

 

Det var styreleiar i Tysnes Sparebank, Bente Raknes, som stod for den offisielle markeringa av dei nye lokala.  ”Me er glade for at kundane på Stord har teke så godt i mot vårt lokalbankkonsept. Dette saman med godt samarbeid med eigedomsmeklarane gjev eit fantastisk utgangspunkt for vekst i åra som kjem” uttalar styreleiaren.
I pressemeldinga kjem det fram at banken sidan opninga på Stord i 2017, har hatt ei flott utvikling. Det er flest personkundar som har vald den lokale sparebanken som sin bank, men også verksemder i området har flytta til lokalbanken. Grunna større vekst enn venta har banken allereie tilsett ein ny kunderådgevjar som starter i løpet av våren.
Den nye eigedomsmeklaren på Stord har vore eit friskt pust i lokalmarknaden i Sunnhordland. Selskapet starta med 2 meklarar og ein administrasjonsmedarbeidar. Allereie det første året har selskapet omsett om lag 80 bustadeiningar. Det er godt over det som var forventa det første året.
Frå januar har selskapet knytt til seg Synnøve Handeland som fagansvarleg leiar. Ho har tidlegare vore banksjef i Sparebank 1 SR-Bank på Husnes og vore fagansvarleg for Eigedomsmegler 1. Ho er utdanna jurist og eigedomsmeklar. I tillegg til rolla som fagansvarleg skal Synnøve ha faste dagar på Husnes der ho tilbyr advokattenester.
Kjell Fylkesnes seier i pressemeldinga: ”Me er glade for å få med Synnøve Handeland på laget, no har vi eit flott lokalt team som vi vonar tilbyr kunden den beste opplevinga av eit godt handtverk, samstundes som vi kjenner den lokale marknaden”.