Torsdag kveld var det duka for "visning" av det flotte handarbeidet.

Ein kreativ gjeng designa og laga vesker på Husfliden

Publisert av: Vegard Aslaksen
9/11/2018 20:54

I løpet av 6 kurskvelder har denne gjengen designa og sydd sine eigne vesker på Husflidstova i Våge. I alt 9 deltakarar frå 10 års alderen har vore med på kurset. Dei har fått læra alt frå spikking, fletting og handtera symaskina.

Fyrste kurskveld starta med at deltakarane skulle spikka sin eigen “snorgaffel”. Denne nytta dei til å fletta snorer til handtak til veska.

På kurset har ein hatt fokus på gjenbruk. Deltakarane har difor vorte utfordra til å finna utslitte eller ubrukte dongeribukser i heimen som kan nyttast til materiale for å laga vesker. Imponerande resultat!

Her poserer deltakarane saman med dei 4 instruktørane frå Husflidslaget. Mykje tyder på at dette har vore veldig kjekt både for små og store.