Energisk kunstnar

Publisert av: Tommy P. Gundersen
9/5/2018 09:36

Jannike Epland Dalland er ei av mange lokale kunstnarar på Tysnes som skal visa fram kunsten sin på Årbakka Handelstad denne sommaren, og Tysnesingen.no har vore heldige og fått eit intervju med ho.

Jannike seier ho «har alltid malt», ho byrja mest med dette då blomsterbutikken «Tysnes Blomster og Interiør AS» vart opna. Ho og kollegane måla då på forskjellige keramikkprodukt som dei selde. Etter den tid har ho måla ein del på fritida si.

Hennar største inspirasjon kjem frå kunstnaren Jakob Weidemann og hans kunst. Weidemann er eit stort ikon innan abstrakt kunst, og abstrakt kunst er det Jannike synast er kjekkast å måla. Ho hentar også inspirasjon frå grå skyar og dystre dagar, det er då ho trivst best med målarkosten i handa på verkstaden sin. Ho seier også at det å sjå på andre måleri frå andre kunstnarar også er inspirasjon, fordi ho tenkjer ho kan måla noko liknande sjølv.

Favoritt måleria til Jannike er “rotete og abstrakte”. Når ho målar brukar ho mest ein mini versjon av ei mur-spade, og vanleg pensel. Slik får Jannike fram sitt bilete. Ho meinar at det ikkje er vanskeleg å måla. Alle kan ta fram ein pensel og litt måling å slå laus på lerretet. Når ho fekk spørsmål om ho ville halda kurs innan maling og kunst, svara ho at det å delta på eit kurs ville vera betre enn å halda eit kurs sjølv. Men ho legg til at det hadde vore kjekt å halda eit kurs dersom fleire ville vera med som kursleiarar.

Det er ikkje berre Jannike som har artistiske eigenskapar i familen, dottera Sofie Dalland skal også stilla ut kunsten sin på Årbakka.

Sofie Dalland sitt maleri frå då ho var 14 år.
To vakre maleri frå Jannike som skal på utstilling.

 

Dersom du vil sjå kunsten til Jannike og Sofie, samt fleire lokale kunstnarar kan du møta opp på opninga av utstillinga torsdag 10. mai klokken 13.00.

Les meir om utstillinga på denne linken: https://tysnesingen.no/fokus-pa-tysnes-kunstnarar/