Biokol brenning på Garden på Dalland. Foto: Garden på Dalland

Biokol forbetrar jorda

Publisert av: May Britt Meland
23/4/2021 14:43

Garden på Dalland driv økologisk, og har Debio godkjenning. Alle dyra er grasfora, dei får ikkje kraftfor. Dermed vert drifta rettferdig, naturleg og berekraftig.

På garden er dei opptekne av å ta vare på og utnytta jorda på best mogleg måte. Sist veke brende dei biokol for aller fyrste gong. Biokolet vart så knust og tilsett i fermentert gylle, som så skal nyttast som jordforbetringsmiddel på bakkane. I denne prosessen etterliknar ein jordprosessane, og får tilført karbon som er ein naturleg byggestein i jordlivet.

 

Anders spar biokolet opp i traktorhengaren før det vert knust med gravemaskinskuffa.

 

-For oss er det viktig å sørge for at det er mest mogleg liv i jorda, seier Anders Dalland. At jorda både kan gje best mogleg vekst ,og ikkje minst: best mogleg næring!

Etter kvart som både Anders og Irene på Dalland gard har fått meir erfaring og  kunnskap, ser dei kor viktig det er å ivareta jorda på ein god måte.  Dette har positiv effekt i heile næringskjeda, heilt fram til menneske som et maten. Mat med god og riktig nærings-samansetning er bra for kroppen, og kan være med å førebygge livsstils-sjukdommar.