Bidreg til at mindre mat vert kasta

Publisert av: May Britt Meland
18/9/2021 08:54

Forrige veke vart det lansert eit nytt tilbod til butikk-kundane på Tysnes: Too Good To Go! Dei som nyttar seg av ordninga er med på å redusere det store matsvinnet som er i samfunnet i dag.

Dette er ei ordning der butikkane sel overskuddsmat til ein svært rimeleg penge via Too Good To Go appen. Kundane reserverer og kjøper på førehand, og så kan dei henta ca 20-30 minutt før stengetid.

På Tysnes er Joker Onarheim, Joker Uggdal og Coop Extra med på denne ordninga. Via Appen Too Good To Go kan ein kjøpe forundringsposar til kun kr 39! Verdien av varene i posen er minimum kr 117. Innhald og antall posar som er tilgjengeleg vil variere frå dag til dag. Eksempel på innhald er brød og ellers mat som nærmar seg dato, men som framleis er gode.

Tysnesingen.no har snakka med Lea Rehling Qvistgaard ved Joker Onarheim og Morten Christensen ved Coop Extra Tysnes. Begge fortel om god respons på det nye tilbodet! Antalet posar som vert tilgjengeleg varierer frå 2-4 posar kvar dag, og dei har vorte “utselde” raskt. Dei som har nytta seg av tilbodet er i alle aldersgrupper.

 

Skjermbilde frå Too Good To Go appen

 

Vil du nytta deg av dette flotte tilbodet?
Då lastar du ned Too Good To Go appen, og så er du ein av mange som bidreg til mindre matsvinn!!