Vår dag

Publisert av: May Britt Meland
16/8/2022 14:07

VÅR DAG er ei nasjonal markering av Frivillighetens år 2022, som involverar alle i den norske frivilligheita. Dagen vert markert på Tysnes med messe og feiring av dei frivillige i Tysneshallen.

Laurdag 3. september kl. 1300 – 1500: Messe
Her inviterer me alle frivillige lag til å presentera seg sjølv overfor innbyggjarane i Tysnes. Dette vil vera eit framifrå høve til å syna kva aktivitetar ein driv med, og samstundes motivera folk til å bli med. Dette vert eit kjærkome høve å gjera seg kjent med tilboda i kommunen.
Påmelding til messa er 20. august.

Laurdag 3. september kl. 1530: Feiring av dei frivillige.
Etter messa inviterer me alle frivillige på Tysnes til å vera med på ei markering der me hyllar dei frivillige. Det blir underhaldning, mat og drikke. Kvart lag må gå ut til sine frivillige og invitera dei med.
Laga melder på kor mange som kjem, innan 27. august.

Påmelding: Per.Verner.Aase@tysnes.kommune.no
Har de spørsmål eller ønskjer meir info,
kan de ta kontakt med meg på e-post eller 995 65 928