Bedehusbasar på Tveit

Publisert av:
15/7/2013 07:01

Vi får besøk frå Fitjar, Kjerstin Handeland Stokken held andakt og syng. Også sonen Ole Andre og to yngre døtre er samen med henne.

Ein ung gitarist er Ole Andre Stokken, berre 10 år. Speler gitar, syng og skriv eigne tekster.

I byrjinga av mai var han samen med mora, og søstrene i Tysnes kyrkje i møteserien med Marit og Irene. Flott å høyra dei.

Det er fantastisk at unge menneskjer bruker evnene og gåvene sine til nytte og glede for andre. Håpar mange tek turen til bedehuset og får møta den flotte og musikalske familien.

I år som mange gonger før, har vi fått håndbrodert bilde av Anders Dalsgård blant gevinstene på bok. Og der er også mange andre fine gevinstar.

Ein vil også oppleva god basarstemning med åresalg, sosialt fellesskap, og sjølvsagt kaffi og vafler.

Tekst og foto: Wenche Brandsæter