Publisert av: Vegard Aslaksen
12/3/2019 11:03
Basar på Tysnes Omsorgssenter
Flinke frivillige stillte opp kl. halv ti på omsorgssenteret og smurte skiver. Birger Leithe var til uvurderleg hjelp med oppsetjing av bord. Bord vart pynta og gevinstane lagt på plass.
Helga ynskte velkomen og leia songen til musikk med André Eide. Loddsalget var berre på bøker slik at trekninga skulle gå fort unna. Rundt 60 gevinstar sikra inntekt på mellom 11 og 12 000 kr. som går til auka trivsel på omsorgssenteret.
Rett trekning vart kontrollert av Anna Sofie Epland og Gerd Landeråen.
Tekst og foto; Per Verner Aase