Illustrasjonsbilete

Viktig informasjon: Kokevarsel for vassabbonentar i Uggdal

Publisert av: Martha Nygård Lande
13/2/2021 11:47

Grunna større vassforbruk enn me klarar å produsere må Tysnes kommune no sende ureinsa vatn ut på nettet i Uggdal.

 

Dette betyr at alt vatn til matlaging/drikke må kokast før bruk.  Varselet gjeld til nytt varsel kjem.

Det er sendt ut SMS til alle abonnentar/eigarar med mobilabonnement.  Dei som har kontantkort – og dei som leiger bustad vil ikkje få SMS.

Dersom ein har naboar/slektningar som kanskje ikkje får SMS er det fint om ein varslar disse på annan måte.