Gled deg til show! Foto: Elisabeth S. Helgesen

Nyttårs-show

Publisert av: May Britt Meland
15/1/2019 12:40

10. klassingane er inne i sluttspurten fram mot nyttårs-showet som vert torsdag 31. januar og fredag 1. februar, kl 19.00 begge dagane.

Showet er noko elevane har jobba med lenge, dei fyrste førebuingane starta allereie i august. -Som vanleg så er det litt kaos no i siste innspurt, men det vil nok gå seg til som vanleg, lovar dei.

Ungdommane lovar at dette bllir noko for seg sjølv!
-På showet vil du få oppleva alt i frå to-radar til guttekor, sketcher, band og mykje meir. Det er berre å gleda seg!

 

Marta Santillana har god kontroll på songen! Foto: Elisabeth S. Helgesen

 

Showet er i Ungdomshuset i Våge torsdag 31. januar og fredag 1. februar klokka 19.00.

Musikklærar Arne Kleppe gjennomgår detaljane i showet. Foto: Elisabeth S. Helgesen