Ladatour og opning av “Styrehusbiblioteket” i Våge

Publisert av: Vegard Aslaksen
12/5/2018 18:01

Mange hadde teke turen til Våge i dag for å få med seg både opninga av “styrehusbiblioteket” og mottaking av LadaTour-gjengen.

Ta ei bok – legg att ei bok

Ein god kreativ gjeng med Patrick Madsen i spissen har jobba iherdig frå å gjera styrehuset til den tidlegare båten Barmsund om til eit bibliotek. Laurdag vart styrehusbiblioteket offisielt opna på kaien i Våge. I styrehuset har dei fått plass til mange hyllemeter med bøker. Biblioteket fungerer etter eit prinsipp der ein han ta med seg ei bok mot at ein legg att ei bok. På denne måten vil biblioteket fornya seg sjølv. Så er du på jakt etter ei god bok? Ta turen til styrehusbiblioteket på kaien i Våge og byt ut ei bok du ikkje treng.

Korpsmusikk og 400 kakestykker

Lit over klokka 1400 rulla 3 Lada bilar inn på kaien i Våge til korpsmusikk og applaus frå dei frammøtte. Ordføraren hadde teke oppmodinga til Marcus Dalland og stilte med kaker i fleire sorter nok til å nå målet om 400 kakestykker – i allefall meinte ordføreren det sjølv. Kåre Martin hadde sjølv stått i bresjen for å sikra at mengde var tilstrekkeleg ved å svinga vispen og baka 4 sjokoladekaker.

Ladatour oppsummert

Ordføraren ynskte gjengen frå Ladatour velkomne på behørig vis. Martin Restad og Marcus Dalland gav eit godt referat av korleis turen hadde vore. I Moskva vart det heller vanskeleg å få tak i Ladabilar så dei endte med å ta seg via St. Petersburg og til Estland, der dei via bekjente fekk god hjelp til bilkjøpa.  Dei fekk endeleg tak i tre Ladabilar då dei kom til Tallinn. Her i frå gjekk turen meir eller mindre knirkefritt med “danskebåten” frå Estland til Sverige og vidare på skandinavisk motorveg.

Og kva skal ein gjera med Ladabilane?

Tysnesingen tok ein prat med Sigvard Madsen for å høyra korleis turen hadde vore og kva planane er vidare med desse tre Ladabilane. Sigvard hadde køyrt alle tre og kunne melda om at det var marginale forskjeller på køyreoppleving og komfort mellom dei ulike bilane.  Bortsett frå litt motortrøbbel og hjulproblem hadde alle bilane klart seg svært bra på turen. Men med 1,2 liters bensinforbruk og berre 30 liter bensintank vart det sjølvsagt ein del stopp på vegen.

Den eine bilen skal auksjonerast bort under Tysnesfest i sommar medan dei to andre vil ein truleg behalda som maskotar. Så dersom du ynskjer deg ein “direkteimportert” Lada frå Estland – kan det vera lurt å følgja med under Tysnesfest 2018.