Ausekarane spelar i Våge 27.juni
26/6/2011 19:44
For fjerde gong legg no stjernelaget med trubadurane og humoristane Tor Endresen og Bjørn Jensen i spissen ut på sommarturné langs vestlandsfjordane.
I eitt år har karane gledd seg te å reisa på fjorden igjen. Og i år kjem dei med ei nyinnspelt plata og nye låtar i kofferten, med om mogeleg endå meir galskap, sprøe innfall, humor og energi enn tidlegare år.
I år gjestar Ausekarane kaien i Våge mandag den 27. Juni kl 19.00
Billettar
Billettane vert lagt ut for sal den 25. Mai.
Billettar til showet finn de på www.billettservice.no
De kan og ringa Billettservice på tlf 815 33 133 for å tinga billettar.
Dei kan sende billettane rett heim i postkassa di viss du vil.
Det vil og verta lagd ut billettar for salg på nokre lokale utsalgsstader på turneplassar som ikkje har Billettservice-utsal. Følg med på www.ausekarane.no og i lokalavisa.
Lokalt i Tysnes vil man kunne kjøpe billettar på Malia Tusenfryd.
Ein kan sjølvsagt og kjøpa billett ombord viss da framleis e ledige billettar, men det hadde ikkje me teke sjangsen på…
Meir informasjon, heila turneruto vår og mykje anna løye finn de på www.ausekarane.no. Velkommen om bord!