Bilete er frå formannskapsprotokoll i 1837

No kan du lese gamle formanskapsprotokollar frå Tysnes digitalt

Publisert av: Martha Nygård Lande
22/8/2020 09:07

Tysnes kommune melder på si nettside, at ein no kan lese formannsprotokoller frå Tysnes i perioden 1837 – 1920 digitalt.

Gamle protokollar i ny utgåve

Tysnes kommune er blant 40 kommunar som har fått digitalisert og publisert formannsprotokollar frå tida før 1920.

Det er Interkommunalt arkiv i Hordaland, IKAH, som har stått for arbeidet, og som har publisert 128 formanskapsprotokoller, i alt 25 000 sider.

I 2001 vart det overlevert protokoller etter møter i formannskapet før 1920 til Interkommunalt arkiv i Hordaland. Tysnes kommune kjøper tenester hos IKAH, blant anna har kommunen avtale om depot av all arkivverdig materiell som blir skapt av organisasjonen.

Her er lenke direkte til Tysnes kommune sine protokoller.