Kjekt å kunne ha basar i det fri med god avstand no i desse tider. Foto: Harald Skorpen

Friluftsbasar i Skorpo

Publisert av: May Britt Meland
27/7/2020 16:00

Laurdag 25. juni var det tillyst basar i grendahuset i Skorpo. På årsmøtet tidlegare vart det vedteke at på grunn av fare for koronasmitte, skulle basaren haldast ute viss vêret var lageleg, og i motsett fall avlysast. Men dagen kom med solskin og vindstille.

For kvar og ein som kom, vart det notert namn og telefonnummer for eventuell smittevarsling, og hendene fekk ein dusj med antibac.

Til vanleg er programmet på basarane i Skorpo først tre åresal, så matøkt med drøsepause, deretter to nye åresal og til slutt trekkjing av loddbøker. I år vart programmet endra. Det starta med mat. Eit langbord var fylt opp med diverse slag bakst, og så stilte folk i kø og sa i frå til damene bak bordet kva kaker dei ønskte på fatet sitt. Dette gjekk kjapt og greitt. På borda rundt omkring på plassen, vart det sett fram kaffi og saft.

Etter matøkta starta åresalet. Til vanleg er prisen for ei åre 10 kr, men i år var det berre eitt åresal, og prisen var 50 kr for ei åre. Til slutt var det trekkjing av gevinstane på bok. På basaren kom det inn over 18 000 kroner. Pengane går m.a til forsikring av husa, straumrekning og vedlikehald. På programmet for dugnadane i år står m.a. skifting av golv i ein del av huset.

 

Nokre av dei minste stilte i kø for å bringa gevinstar fram til dei som hadde vunne.

 

Tekst og foto: Harald Skorpen