Tysnes Kraftlag AS

- KRAFTTAK FOR TYSNES

Søk om støtte til friviljuge lag, organisasjonar, bygde- og næringsutvikling

 

Selskapets føremål er å eiga aksjar i BKK AS. Tysnes Kraftlag AS eig 1,7 % i BKK. Aksjane skriv seg frå integreringa mellom Tysnes Kraftlag AS og BKK i 2018.

 

Selskapet kan også driva, delta i – eller samarbeida med andre selskap om digital kommunikasjon, bygde- og næringsutvikling, og andre aktivitetar med forretningsmessig tilknyting til Tysnes Kraftlag AS sitt konsesjonsområde. Selskapet skal i tillegg ta del eller støtta samfunnsnyttige tiltak og aktivitetar, samt fremja ålmennyttige føremål til beste for innbyggjarane i konsesjonsområdet.

 

Tysnes Kraftlag AS er ein lokal bidragsytar som ynskjer å styrka lokale bygde- og næringsutviklingsprosjekt, gjennom støtte til lokale føremål i konsesjonsområdet. Kvart år tildeler Tysnes Kraftlag AS midlar til lokale prosjekt og aktørar som driv med friviljug arbeid, både for born, ungdom og vaksne.

 

Selskapet skal vere ei levande kraft i lokalmiljøet, og bidra til at lokalsamfunnet vert ein attraktiv og levande plass for innbyggjarane, og vere ein aktiv ressurs i lokalsamfunnet.prosjekt og aktørar som driv med friviljug arbeid, både for born, ungdom og vaksne.