Gå ikkje glipp av årets Juleshow av og med 10. klasse ved Tysnes skule!

Publisert av: Vegard Aslaksen
17/12/2017 16:19

Publisert: 11.12.17 06:44
10. klasse ved Tysnes skule inviterer til Juleshow fyrstkomande torsdag 14. og fredag 15. desember kl. 19 i Vonheim i Våge. Denne veka er sett av til førebuingar og øving, og tradisjonen tru byr elevane på song, musikk, sketsjar og ymse overraskingar.

Billettar er i sal på Joker Uggdal, Joker Onarheim, Bunnpris Lunde og Tysnes Blomster og Interiør. Billettar kan også kjøpast i døra, viss det er fleire igjen….

Merk at fredagen kan ein berre kjøpa billettar hjå Tysnes Blomster og Interiør, samt i døra. Løp og kjøp!

Foto:Kristine Næss Thorsen, bladet Tysnes