Den eigentlege grunnen til inngjerding av rundballane

Publisert av: Vegard Aslaksen
1/4/2018 20:09

Saka om Anders og rundballane var sjølvsagt årets aprilspøk frå oss i Tysnesingen.no. Det merksame lesaren fekk nok kanskje med seg utstrakt bruk av ordspel med eit litt humoristisk tilsnitt i artikkelen. Men slett ikkje alle.

Tysnesingen tok ein prat med Anders i kveld medan han heldt på med fjøsstellet. Han anslår at mellom 10 og 15 personar har vore i kontakt med han om saka i løpet av dagen og såleis gått på limpinnen. Han har og fått mange latterfulle tilbakemeldingar på sms. Det er tydeleg at artikkelen både har skapa engasjement og underhaldning.

Den eigentleg årsaka til inngjerdinga av rundballane er å verna mot at hjorten skal forsyna seg av fôrlageret til Anders.

Takk til både Anders Dalland og Lorentz Lunde som blei med på laga ein humoristisk aprilspøk om rundballar.

Fortsatt god påske alle saman.