Publisert av:
21/10/2012 07:24
Tauverk laga krøll
Ein av skipparane på ferjene meldte frå til Os brannvesen at det låg tau og flaut i ferjeleia like før ferjekaien på Halhjem laurdag ettermiddag.
Det var ein del tau som hadde hadde slete seg frå ein sjakkel på ei blåse, inn til ein kai ved eit naust som ligg i innseglinga.
To mann frå brannvesenet gjekk ut med båt og fekk fjerna tauverket slik at det ikkje meir var til hinder for ferjene som skulle inn til Halhjem, melder nyttios.com.