Tysnes Sparebank Foto: Tysnesingen.no

Solid halvårsresultat for Tysnes Sparebank

Publisert av: May Britt Meland
13/8/2021 11:33

1,7 mill. kroner i resultatbetring

Tysnes Sparebank hadde eit resultat på 15,3 mill.kr. før skatt ved halvårsskiftet for rekneskapsåret 2021.
På same tid ifjor var tilsvarande resultat på 13,6 mill.kr.

«Vi er nøgde med utviklinga for banken i 2021, sjølv om det framleis er krevjande tider» uttalar banksjef Dag Sandstå.

 Banken har ein kontrollert vekst i 2021, ved halvårsskiftet er veksten på omlag 3 %. Veksten kjem i hovudsak innan personkundemarknaden.

 

 Stor vekst i innskot

Hittil i år har banken hatt ein vekst i innskot på heile 9 %. Det er innskot både frå verksemder og privatpersonar som er grunnlag for denne veksten.

  

Framtidsutsiktene

Pandemien er framleis ein situasjon der vi må fylgje tett endringane frå dag til dag. Så langt har det ikkje vore dramatiske konsekvensar for bankens kundar. Når ferietida er over er det i fleire land kome ei fjerde bølgje i pandemisituasjonen, vi vonar dette ikkje vil skje i Noreg.

Det lokale næringslivet har kome godt gjennom den vanskelege tida som vi har hatt det siste året. Utsiktene framover for regionen er optimistiske. For Tysnes Sparebank er det lagt ein plan om vekst i tida framover. Banken vil i det korte tidsbilete fokusere på vekst mot privatkundar, og opprettholde status innan bedriftsmarknaden.

 

Pressemelding 12.8.2021, Banksjef Dag Sandstå