Publisert av:
14/7/2012 15:46
Ny rekord
Tysnesfest melder at dei selde 5345 billettar til konsertkvelden i går. Dette er ny publikumsrekord og i tillegg til alle friviljuge som var i arbeid var det mellom 5500 og 6000 på Gjerstad.
Det var særleg i timen før Kaizers Orchestra entra scena at det auka kraftig på med folk.
Til ba.no seier lensmann Lunde at dei hadde god kontroll på festivalen, og at dei var så godt som utan problem i det heile tatt. Dei problema dei hadde, skjedde i Våge sentrum.
Lunde fortel til BA at politiet er godt nøgd med tryggleiken. Til laurdagens konsert der Marit Larsen, CC Cowboys og Aqua er det nøye planlagt om tryggleiken mellom politi og arrangør, og han meiner dei har nok bemanning.