Kystsogevekene 2018

Publisert av: Johnny Helgesen
7/2/2018 08:24

Kystsogevekene varer i 2018 frå 4. august til 16. september. Opninga vert under Fjordsteam-festivalen i Bergen kommune og nytt av året er ei offisiell avslutning under Skutefesten i Rosendal i Kvinnherad kommune helga 15-16. september.

Kystsogevekene startar i 2018 opp med eit nytt tilbod: ei vintersamling for dei ulike aktørane kring Kystsogevekene. Samlinga finn stad torsdag 15. februar i klubbhuset til Ran Seilforening, Anglevik, Litle-Sotra.

Tanken er at dette skal vera ein møtestad for å treffa andre som arbeider med Kystsogeveke-arrangementa: kommunale kulturfolk, arrangørar, utstillarar, politikarar, artistar og alle andre som har interesse av arbeidet til Stiftinga Kystsogevekene for å fremja kystkulturen i dei 22 kommunane på Vestlandet frå Gulen i nord til Sveio i sør.

Me ynskjer at deltakarane bruker vintersamlinga til å møta andre aktørar rundt Kystsogevekene, deler erfaringar, utvekslar idear for korleis ting kan gjerast framover og ikkje minst blir inspirert.

Førebels program.

10.00 Oppmøte/velkomst ved Marianne Bjorøy, ordførar i Fjell kommune

Kulturelt innslag ved Vivian Steinsland frå Sund

Dag Hundstad – Kystkultur – begrep og bevegelse

Tom Georg Indrevik, varaordførar i Fjell kommune: Kystsogevekene som identitetsbyggingsreiskap i samband med kommunesamanslåinga i 2020

Beinstrekk/kaffi

Sigvard Madsen, festivalsjef Tysnesfest: Kreativ arenabruk i strandkanten på Tysnesfest

12.00  Kystsogevekene spanderer lunsj

Kulturelt innslag ved lokale UKM-talent

Gruppearbeid/diskusjon: Korleis vil de bruka Kystsogevekene framover?

Beinstrekk/kaffi/kaker/frukt

Jon Askeland, ordførar i Radøy kommune: Slik gjer me det på Radøy

Oppsummering

15.30  Avrunding

Innimellom dei andre innslaga vil det bli presentert nye Kystsogeveke-element for 2018.

Stiftinga Kystsogevekene er eit samarbeid mellom 22 kystkommunar i Hordaland og Gulen og Hordaland Fylkeskommune. Hordaland fylkeskommune er Stiftinga Kystsogevekene sin viktigaste økonomiske støttespelar.

Stiftinga Kystsogevekene er ei ikkje-næringsdrivande stifting med føremål å stimulere og virke som pådrivar og fagleg instans for utvikling av kystkulturtilbod og koordinering av årlege Kystsogeveker i Hordaland og Gulen.

Kystsogevekene speglar kystkultur fra alle tider, både gammal og ny. Folk får oppleva kystkultur og yrande folkeliv i mange former og uttrykksmåtar.

Ta gjerne kontakt om dette er av interesse!