Bygdekvinnetreff med forfattarbesøk

Publisert av: Martha Nygård Lande
20/9/2023 07:54

Mandag 25. september arrangerer Tysnes Bygdekvinnelag Bygdekvinnetreff i Tinghuset.

Denne gangen skal forfattaren Anita Østebø være med og fortelja og lesa frå bøkene sine.

I 2021 gav ho ut “Skammens mødre”, ein roman om aleinemødrene sin tøffe kamp på 50- og 60-talet. Handlinga går føre seg i Bergen, og er basert på ei sann i historie.

I mars i år kom “Tatt av sviket” ut.  Her får me eit gjensyn med aleinemødrene og borna deira, frå den fyrste boka. Denne gangen går handlinga føre seg på 70-talet.