Intelligent jakt på intelligent liv
31/5/2012 06:38
Prometheus
Am. sci-fi/thriller
Regi: Ridley Scott
Skuespillere: Logan Marshall-Green, Michael Fassbender, Charlize
Theron, Patrick Wilson, Noomi Rapace, Guy Pearce, Idris Elba
2 timer 3 min.
Premiere: 1. juni 2012
Det er gledeleg å sjå at regissør Ridley Scott vender attende til
sjangeren som han i si tid var med på å utforme: me snakkar om mørk,
mystisk og skummel science fiction.
Prometheus er prequel’en til Alien og meir til. Det er litt spesielt å
sjå ein film som er so hypa som denne før nokon i heile web-verden har
skrive nokon anmelding av den. Noreg er faktisk blant dei fyste landa
som har premiere på science fiction eposet signert Ridley Scott, medan
USA faktisk må stille seg lengre bak i køen.
Med sine 74 år er Scott ein ringrev i bransjen, medan filmkarrieren
hans ikkje kom i gong før i 1977, med det stemningsfulle
Napoleonskrigdramaet The Duellists. Før den tid hadde vår mann
regissert drøssevis av reklamefilmar, eit visuelt språk me og ser
gjenspegla fleire av filmane hans.
Interessant nok står Scott for både nokre av dei beste filmane me har
sett (Alien, Gladiatoten, Black Hawk Down) – og nokre av dei mest
keisamme (1492: Conquest of Paradise, G.I. Jane og Legend) Men når
Ridley Scott er i form, då serverer han frå øverste hylle, og det gjer
han heldigvis denne gongen.
I 2006 fekk eg faktisk møte og snakke med Ridley Scott i Venezia.
Dette var i samanheng med at Blade Runner var relansert i samband med
25 årsjubileet, og dermed tykte eg det var greit å spørre om kvifor i
all verda han ikkje hadde laga fleire sci-fi filmer etter å ha laga to
av dei deffintivt beste, Alien og Blade Runner. Det verka som om Scott
tok seg ein tenkepause, og sa at jo det var no kanskje eit poeng og at
det var no berre å sende han eit science fiction-manus om eg hadde
noko høvelig liggande. Det hadde eg ikkje, men det var jo litt moro å
lesa nokre måneder seinare på nettet at Scott hadde bestemt seg for å
lage Alien – the Prequel. Prosjektet fekk seinare tittelen Prometheus.
Ei veit aldri kva det , men det er sjølvsagt innbydande å tenka seg
til om og folk av Ridley Scotts kaliber og trenger oppmuntring til å
sette igong med dei rette prosjekta…
Men tilbake til filmen. Prometheus er namnet på romskipet i filmen (og
dessutan ei referanse til gresk mytologi). Prometheus var mannen som
stjal elden frå gudane, og dette får sjølvsagt ein slags symbolverdi i
det spektakulære dramaet. Me er i året 2089. Forskarar finn eit spor
til mennesket sitt opphav på Jorda og legger ut på ei lang romferd. I
filmens fyste sekvens vaknar dei frå den djupen kryogenetiske søvnen,
ein scene som me kjenner både frå Scotts fyste film og Camerons
actionladde oppfylgjar frå 1986. Den fyste timen sniglar handlinga seg
befriande sakte avgarde, med ei passeleg mystisk stemning, kor Erich
von Däniken-trådar vert spunne om at mennesket kanskje kom frå ein
stad utanom jorda. Samstundes vert det interessant nok gitt hint om at
kanskje kristendomens Gud står bak det heile…
Blant Hollywood-regissørar har Ridley Scott kanskje dei sterkaste
kvinneskikkelsane på film blant Hollywood-regissørar( tenk berre på
Ellen Ripley, Thelma & Louise, spanske dronning Isabel I. i 1492,
osb.). Denne gongen er det den unge kvinnelege legen Elizabeth Shaw
(overtydande spelt av svenske Noomi Rapace frå Millenium-trilogien)
som er menneskeheitas siste håp. Ho er handlekraftig og lyt mellomanna
utføre eit særs dramatisk abortinngrep på seg sjølv…
Men tross alt, Michael Fassbender som androiden David er best. For å
få inspirasjon til menneskeleg oppførsel ser han på gamle filmklipp av
Peter O’Toole i Lawrence of Arabia, og den måten å snakke på vert det
sjølvsagt litt svulstig komikk ut av…
Men eg skal ikkje avsløre meir om handling, og kan heller konstatere
at Prometheus lever opp til hypen, og er både ein visuell og
dramaturgisk nytelse som fungerer best på stort lerret. Heldigvis
ikkje tida løpt ut for å lage kvalitetsfilm i Hollywood. Og kven
veit; kanskje kan små tråder spinne finne veg til det store rommet –
eller i alle fall til det store lerret…