Miljøstasjonen til SIM i Eredalen. Foto: Johnny Helgesen

Miljøsentralen i Eredalen opnar igjen

Publisert av: May Britt Meland
3/4/2020 22:32

Frå og med måndag 6. april opnar SIM alle miljøsentralane, i tråd med nye retningsliner frå Fylkesmannen i Vestland og Miljødirektoratet. SIM ber alle kundar som ikkje MÅ ta turen til miljøsentralen om å vente. Sjølv om ein no opnar miljøsentralane vil råd om å hindre spreiing av smitte framleis vera gjeldande.

Kundar som kjem vert bedne om å ta omsyn til fylgjande:

Godt brukande er stengt inntil vidare
Kundar og tilsette skal halde god avstand i tråd med FHI sine retningslinjer
Kundane må vera budde på at det kan bli endra køyremønster
Det kan bli lange køar og venting
Berre kundar som MÅ levere avfall, vert oppmoda til å kome. Dei andre vert oppmoda om å vente med rydding.
Kundane vert bedt om å sortere godt på førehand, slik at opphaldet vert kortast mogeleg
Berre dei som treng å vera med for å kaste avfallet, skal vera med til miljøsentralen
Me tek ikkje imot kontantar
Ein vert oppmoda om å betale med VIPPS. Alternativt kan ein nytte kort med kontaktlaus betaling (tappe kortet)
Det vert ikkje skrive ut kvittering.
Elles minnar me om at påskeaftan er stengt som vanleg.

 

Pressemelding frå SIM 3. april 2020