Foto: Jonathan Vivaas Kise

Fyrste artistslepp for Tysnesfest 2024!

Publisert av: Martha Nygård Lande
20/10/2023 10:02

Pop-prinsen tilbake på Tysnes

Det virkar som eit langt liv sidan Sondre Justad i 2016 trollbatt oss med konsert på Tysnessåto i eit forrykande vær. Sist han gjesta oss, i 2018 leverte han ein konsert me seint gløymer. No når han endeleg er tilbake på Tysnesfest kan me gle oss til ei forrykande konsertoppleving frå ein av dei aller beste live-artistane i Noreg.

Har du vore på ein Sondre Justad konsert så veit du kva me snakkar om. Få klarar å gripe publikum slik pop-prinsen frå Lofoten gjer – det er ikkje langt mellom dei tårevåte augneblinka og dei ekstatiske jubelbrøla. Sjå berre på meldingane frå årets turne der terningane er trilla i rein maxi-yatzi-rus.

2024 er kanskje ein av dei siste sjansane til å oppleve Sondre Justad live på ei stund, og me anbefaler deg sterkt å få det med deg. Fyll sommarkvelden med mesterverk som «Ikke som de andre», «Nu har du mæ», «Riv i hjertet» «Sorry», «Pause fra mæ sjøl» og «Meninga med livet». Det er kanskje ei overdriving for somme at det er sjølve meininga med livet, me meiner det ikkje er langt unna. Det gjer i alle fall godt for sjela!

Foto: Jonathan Vivaas Kise

 

Sitat festivalsjef Øystein Vaage:

– Det er utfattelig kjekt å kunna sparka i gang lanseringa av artistane til Tysnesfest 2024 med ein strålande namn som Sondre Justad! Han har ein heilt unik evne til å fanga publikum i sitt eige univers, og me veit han har ein enorm fanskare i heile Noreg. Sondre Justad er ikkje berre ein songar av rang, han er ein showmann av høg klasse. Den energien han viser frå scena er heilt unik. 

– Eg hugser godt fyrste gong han var på Tysnesfest då regn, vind og skodde nesten stoppa konserten på Tysnessåta, men heldigvis tåler både nordlendingar og vestlendingar litt ruskete forhold, så det heile blei ein utrulig rå opplevelse. 

– Fyrste artistsleppet til neste års festival er alltid spesielt, men i år kjennes det ekstra godt å visa at me er klare for å dra på med den fantastiske festivalen vår for 18 år på rad.

Foto: Jonathan Vivaas Kise