Illustrasjonfoto vaksinering.

God vaksinasjonsdekning

Publisert av: May Britt Meland
19/8/2021 19:29

I går vart det sett vaksinar frå tidleg morgon til langt ut på kvelden, og heile 308 tysnesingar vart vaksinerte. Statistikken viser at det til no er det sett totalt 3810 vaksinesprøyter på Tysnes.

Vaksinekoordinator Tonelill Mathisen fortel at kommunen no har nådd 90% vaksinasjonsdekning på dei over 18 år i går. 2105 personar har fått dose 1 og 1705 er fullvaksinerte, så det er ikkje særleg stor differanse mellom dose 1 og dose 2.

FHI /regjeringa åpna for å vaksinere gravide i 2-3 trimester og barn på  16 og 17 år, så det vert truleg nokon fleire 1 dosar enn dei som foreløpig er planlagd, fortel Mathisen.

Skjermdump SYSVAK 19/8-2021

 

SYSVAK er eit landsdekkande elektronisk vaksinasjonsregister, i denne statistikkbanken finn ein data over Covid-19 vaksinasjonar frå 27. desember 2020.