Publisert av:
5/2/2012 18:10
Naboskryt
Denne helga har musikkfestivalen Øyo på Stord blitt arrangert. Arrangøren møtte ein del motstand då dei gjekk i gong med festivalen, men den har no vore utseld for fjerde året på rad.
Til BA uttaler Tysnesfest festivalsjef Sigvard Madsen at han aldri har vore på Øyo, men han har høyrt mykje bra om festivalen. – Dei gjer ein kjempejobb med bookinga kvart år, seier Madsen til BA.
Madsen fortel at dei ser litt på kva naboen gjer. For Tysnesfest sin del er dei halvvegs ferdig med programmet for 2012.
– Me har over 30 artistar og 50 forskjellige punkt i programmet som skal på plass, så her er halve holmen i arbeid, seier Madsen.