Illustrasjonsbilete

Vaksinering mot sesonginfluensa

Publisert av: Martha Nygård Lande
12/10/2021 10:46

I slutten av oktober vert det influensavaksinering på Tysnes.

Kvart år i perioden desember til april blir befolkninga på den nordlege halvkule ramma av influensaepidemiar. Dette blir kalla sesonginfluensa. To typar av influensavirus, type A og B, er årsak til desse epidemiane. Frå år til år utviklar kvart av influensavirusa nye varianter som gjer vår immunitet mot dei gamle variantane utdatert.

Influensautbrudda kan enkelte år gje epidemiar med mange alvorleg sjuke eller døde, og er derfor under nøye overvåking. I tillegg kjem ekstraordinært store epidemiar, influensapandemiar, med nokon tiårs mellomrom.

Mest utsatte, og som bør ta influensavaksinen, er dei som har nådd ein viss alder, har ein kronisk grunnsjukdom eller en tilstand som gjer at kroppen ikkje tåler influensasjukdom så godt.

Du kan lese meir på FHI og Helse Norge sine sider.

 

Stad: Grendatun

Dato: 

  • måndag 25. oktober
  • tysdag 26. oktober
  • onsdag 27. oktober

Klokka: 09:00 – 15:00

Det er ikkje naudsynt å bestille tid, eller melde seg.