Kva veg skal klokka stillast?

Publisert av: Hilde Marie Sæverud-Mehammer
24/3/2018 15:58

Det er lett å koma i stuss om kva veg klokka skal stillast.
Ein fin hugseregel kan vera at ein skal stilla klokka ein time mot årets sommar.

I år skal me altså i kveld stilla klokka ein time fram frå kl 02.00 til 03.00 natt til søndag 25. mars.

Dette vil gje oss mørkare morgonar og lysare kvelder.
Sommartida sluttar 28. oktober i år.

Tysnesingen.no ønsker alle ei fin helg!