Tap i siste
15/10/2011 18:32
Gneist låg på 2.plass før sesongens siste kamp då Njardar tok i mot dei på Reiso-graset. Med siger ville Gneist sikra opprykket til 6.divisjon og det gjorde dei med 3-1 siger over tysnesingane.
I 1.omgong var det berre eitt lag på bana. Gneist styrte fullstendig og dei leia 3-0 til pause.
I 2.omgong var det meir jamnt. Njardar kom seg høgare opp på banen og det var litt meir sting i angrepa deira.
Gultrøyene hadde fleire forsøk, men det vart berre ei utteljing. Den kom kvarteret før slutt.
Høgreback Torstein Flakke var med opp i angrep og frå 2o meter skaut han kontant i nota.
Njardar pressa på mot slutten for å pynta på resultatet, men Gneist var gode og sikra seg 3-1 siger. A-laget enda dermed på 7.plass i årets sesong, sjå tabell.
Desse var med: Kjartan Hagen, Torstein Flakke, Eivind Skorpen, Endre Vermedal, Fredrik Winther, Thomas Hagen, Terje Hagen, Aksel Lande, Tommy Hansen, Terje Vevatne, Remi Khaldi, Steffe Opdal, Morris Skulstad, Daniell Hauge Hansen, Simon Malkenes, Torbjørn Onarheim, Raymond Epland, Nils Eivind Hansen.