Foto: Sissel Karin Clausen, Blåbærhaugen.

Stort engasjement

Publisert av: May Britt Meland
20/3/2018 13:34

Status etter avslutta aksjon med å gå på Blåbærhaugen for kreftsaka, fekk i stutte trekk følgjande flott resultat:

Til saman deltok 762 personar.

To dagar utmerka seg.
Fredag, 16/3, som var siste dagen med aksjonen Krafttak mot Kreft, hadde størst oppslutnad med 163 registrerte turar opp til den koselige haugen for å bidra til pengeinnsamlinga.
Sundag, 11/3, kom like etter, då vart det registrert 162 turar.

Ein mann, Ruben Stokkenes Kvamsdal, stod aleine for heile 30 turar. Førre sundag hadde han 10 turar. Det må nemnast at same mann  også hadde eit imponerande høgt antall turar under aksjonen i fjor.

Familiar som vanlegvis ikkje går turar i skog og mark, har under denne aksjonen vist sitt engasjement og gått kvar einaste dag.

Ein gutegjeng på tre gjekk fire turar på rappen måndag.

Tre puljer med barnehageungar har gått, Onarheim skule har gått, fotballag har gått, arbeidskollegaer har gått, torsdagsturen og mange fleire!