Mange på strikkekafé

Publisert av:
24/1/2011 21:12

I kveld var det på ny klart for strikkekafé. Staden var Husflidsstova i Våge.

Rundt tjue strikkeglade damer møtte fram. Drøsen gjekk fint mellom ein rett og to vrange og dei ulike plagga som vart strikka.

Innimellom var det kaffi og tebrød.

Neste strikkekafé vert måndag 21.februar i Husflidstova. Alle strikkeinteresserte er velkommen.