Truckførarkurs på Tysnes

Publisert av: Tommy P. Gundersen
7/6/2018 20:05

Førre veke heldt Petol AS eit truckførarkurs for fleire bedrifter på Tysnes. Tilsaman var det 9 deltakarar, 1 frå Andersland Bygg, 4 frå Tysnes Kraftlag og 4 frå Tysnes Industri.

Heile kurset varte i 5 dagar, 3 dagar med teori og 2 dagar med praksis. Teorien i heilheit inneheldt mykje informasjon om sikkerhet, korleis ein truck er bygd opp og alt om forskjellege trucktypar.

Truckførarkurset viste seg å vera ein suksess for fleire av deltakarane. Dei synast at kurset heldt mål og var veldig informativt (alle bestod truckførar “eksamen”). Kursleiar Olav Eger Hesjedal, som er instruktør hos Petol AS, synast det var kjekt å halda kurs på Tysnes Industri.

Det einaste han hadde og sei negativt var at «pendlinga var trøyttande».

.

Her står kursleiar Olav Eger Hesjedal og veiledar Oddvar Thuen frå Tysnes Kraftlag.