Vinterskade

Publisert av:
19/9/2010 20:03

Den lange vinteren me hadde sist med mykje kulde og snø har gjort at bønder har fått øydeleggjinger på jordene sine.

Tolv saker har Fylkesmannen så langt handsama frå bønder i Hordaland, men fleire ligg til handsaming. I fjor hadde ikkje Fylkesmannen nokon vinterskadesøknader.

Vinterskadane går mellom anna ut å at graset vert øydelagd av snømuggsopp, og dette graset skulle gå til dyrefor.

Dei fleste erstatningssakene i Hordaland er frå Lindås, men også bønder i Etne, Kvam, Meland, Masfjorden, Kvinnherad, Radøy og Tysnes har fått muggsoppbesøk, skriv bt.no