Tysnesfest Open

Publisert av: May Britt Meland
13/7/2019 10:24

Dalen Golfbane – Tysnesfest Open – strålande sol – blide ansikt. Betre vert det ikkje !

Turneringa vart spelt som netto slagspel over 18 hol der Halvard Dalsgård frå heimeklubben til slutt tok ein klar siger.
Premie også til beste spelar brutto som vart Helge Liland med 81 slag.

Dei 3 beste vart
Halvard Dalsgård, 60 slag
Trygve Arntsen, 65 slag
Jens Flornes, 65 slag

Tysnes golfklubb gratulerer og takkar alle deltakarar for ein kjekk dag på banen !

 

Resultatliste på tysnesgolf.no

Tekst og foto: Tysnes Golf