Supermåndag med fiks ferdig middag – påmelding innan 14. mars!

Kyrkjeståvo, Våge
17. mars kl. 15:30

Ein måndag med fiks ferdig middag for store og små, ung og gammal.

Me som driv kyrkje på Tysnes inviterer til familiemiddag, gryterett og ris, førstkomande måndag 17. mars frå kl 15.30-17.30 i Kyrkjeståvo.

Kom til ferdigdekka bord og nyt ein ferdiglaga middag og kaffi saman med mange andre; store og små! De kan sjølv velja når de vil koma, og de kan gå når det passar. Me tenkjer dette som eit handslag i ein travel kvardag og som ein møteplass på øya vår.

 

Fordi det skal lagast mat treng me påmelding innan fredag 14.mars. Dette kan du gjera ved å venda deg anten til kyrkjekontoret, eller prest Marit.

 

Prisar:
Barn: kr 25,-
Vaksne: kr 50,-
Familie: maks kr 150,-

 

Påmelding innan 14.mars til:

E-post: ME289@kyrkja.no

Tlf.: 412 62 844