Morgan Sulele og Kyle Alessandro til Tysnesfest

Publisert av: Vegard Aslaksen
22/5/2018 16:00

Morgan Sulele skulle eigentleg koma til Tysnesfest i fjor, men han blei dessverre forhindra i det. No har han takka ja til å koma for å skapa liv i Våge sentrum laurdag 14. juli 2018. På same scene står og Kyle Alessandro, som du heilt sikkert har fått med deg på Norske Talenter då han fekk gullknappen og gjekk direkte til semifinalen i 2017. Kyle og Morgan kjem til å gje oss eit forrykande familieshow på marknadsdagen i Våge!

Morgan Sulele
Morgan Sulele har ikkje berre kapra mange ungpikehjarter rundt om det ganske land, han har også kapra listeplasseringar med sine supercatchy låtar. Han starta like godt med å toppe iTunes, Spotify og Tidal, og ikkje minst tok han førsteplassen på VG-lista og blei der i heile seks veker sommaren 2015 med debuthiten «Bare Min». Sidan då har han rukket å strøyma til 18 gonger platina og to gonger gull (fordelt på 8 låtar) på under to år, med mellom anna «Lakenet» og «Jeg vil heller ha deg» som han ga ut i samarbeid med Innertier.

Han har totalt 53 veker på VG-lista samanhengande og med over 60 millionar streams på Spotify aleine er Morgan Sulele ein av Norges desidert mest streama artistar dei siste åra. I 2016 reiste han landet rundt med DJ og gitarist, og i år har han samla eit eige liveband beståande av musikarar som tidlegare har spilt med Siri Nilsen, Bebe Rexha, Karpe Diem, Robin & Bugge, A1 m. fleire.

Kyle Alessandro
Som 10-åring tok Kyle Alessandro dommerpanelet i Norske Talenter med storm og har med singlane Din sang og Dødskul sunget seg inn i manges hjerter. Den no 12 år gamle Steinkjer-gutten har og brukt oppmerksomheita han har fått for sitt sangtalent til å fronte ein anna viktig sak: At me står saman mot mobbing. Godt hjulpet av samme team som fekk Marcus & Martinus opp og fram, er han eit stort idol for mange jamnaldrane. Trass sin unge alder er Kyle blitt særs scenevant, han har spela ein rekkje konsertar og har opptredt på både Allsang på Grensen og Norway Cup. Det loves flere fengende låter i løpet av 2018 og vi ser veldig fram til å høyra desse på Tysnesfest.