Padlarane i Tysnes Turlag fekk seg ei heilt spesiell padleoppleving onsdag kveld! Foto: Rebekka Høgestøl

Padla i mørket

Publisert av: May Britt Meland
10/10/2020 17:36

Onsdag kveld ( 7. okober) var Tysnes Turlag si kajakkgruppe på mørkepadling saman med padleinstruktør Laila Johanne Reigstad.

-Me padla ut ifrå Lunde kai kl 17, fortel Rebekka Høgestøl. Fyrste etappe gjekk til Gripnesvågen gjennom Koløysundet før me snudde. Så padla me tilbake på utsida av Koløya og gjekk i land på Teistøya. Der hadde me ein fin pause med bålbrenning og litt mat. Heimturen gjekk mot Solstråleøyo eit stykke, før me snudde og padla gjennom Humlevika tilbake til Lunde kai.

Totalt var det ca 11 km med padling. Fyrste halvdel var i dagslys, men det mørkna snart, og då fekk me ei heilt anna padleoppleving!
Me hadde kvar vår hodelykt, og ei lykt til bak på kajakken. Ellers var me omringa av mørket.
-Det var mykje å passe på, og navigeringa vart meir utfordrande. Me måtte passe på at me padla saman som ei tett gruppe, slik at me vart synlege for andre. -Og ikkje minst: hugse på at me ikkje måtte rope til kvarandre. Då det lett kunne misforståast, som om nokon var i havsnød.

Været var veldig fint og vindstille heile kvelden. Det var ein fantastisk fin og veldig lærerik tur, noko som gjer at padleferdigheitene blir bedre.

Padlegruppa vil halda fram med padlinga ein gong i månaden så lenge været tillet det gjennom vinteren.

Tekst og foto: Rebekka Høgestøl