Meir nøgde tv- og breibandskundar under pandemien.

Publisert av: May Britt Meland
26/10/2021 19:14

BKK Breiband og Altibox har Norges mest nøgde kundar for tolvte år på rad.

Det uavhengige analysebyrået EPSI Rating Norge har nok ein gong undersøkt kundeopplevinga i den norske breibands- og tv-bransjen. Altibox som blir levert av BKK Breiband i Etne og på Tysnes, går igjen sigrande ut av alle tre kategoriar: Breiband privat, breiband bedrift og tv privat.

-Korona pandemien førte til mykje større bruk av breiband på grunn av heimekontor, heimeskule, gaming og økt konsum av underhaldning. Når kundane stiller høgare krav til tv og internett, er det veldig kjekt at vi igjen endar opp med dei mest nøgde kundane, seier dagleg leiar Ingrid Helen Haaland hos BKK Breiband AS.

Altibox får ein kunde-score på 70,6 i kategorien breiband for privatmarknaden, eit hestehovud framfor gjennomsnittet i bransjen på 62,5. Dette er ein markant auke på nesten to prosentpoeng, medan den generelle bransjescoren har gått litt ned.

-Vi har arbeidd langsiktig med å bygga ut solid fibernett med høg kapasitet og dette er nok ein del av forklaringa på resultatet. Nettet vårt tolte pandemien godt, og det trur vi kundane set pris på, seier Haaland.

I kategorien breiband bedrift får Altibox score på 72,2. Her er bransjescoren 67,2. I TV-kategorien oppnår Altibox score på 70,1, langt føre bransjesnittet på 61,3.

BKK Breiband AS samarbeider med Haugaland Kraft Fiber AS og leverer internett og underhaldningstenester frå Altibox til ca 2800 kundar.

BKK AS har skifta namn til Eviny AS. Fleire konkurranseutsette Eviny-selskap, inkludert BKK Breiband, vil få nye namn i løpet av hausten.

 

Pressemelding frå BKK Breiband AS.