Rein Hardangerfjord 2024

Publisert av: Martha Nygård Lande
23/9/2024 11:31
Kvelden før dagen var det samling på M/S Sunnhordland som låg til kai på Leirvik.

Stiftelsen Framtidshavet med Kenneth Bruvik i spissen, hadde samla saman viktige lokale aktørar som alle gjer sitt for at vi skal få reinare strender og hav.
Programmet starta med ein gamal Tysnes-kjenning: Brynjar Stautland som saman med Hilde Eide Helland framførde musikk av Bob Dylan og Amy Winehouse.

Været var strålande då vi på Tysnes for tredje året på rad rydda, Felsvika i Flakkavågen for plast. Onarheim Skule og førskuletrinnet i barnehagen fekk utlevert hanskar og gjekk til verket to og to.

Nokre hadde vært med på det før og var erfarne strandryddarar. Etter at nærare 200 kilo plast var samla inn, smakte det med saft og pølser.

Torsdagsturistane tok seg av Espevik.

Tilbakemeldingane frå forskningsmiljøa: Gunhild Bødker (NORCE) er at plastrydding nyttar. Det vert mindre plast for kvart år på våre strender, men det er viktig å halde fram med ryddearbeidet. Derfor er det så viktig at alle strender får sin “fadder familie” som passar på at avfallet endar der det høyrer heime, og ikkje endar opp i magen på dyr eller som mikroplast i kroppane våre.

Takk til Tysnes Kommune som ser nytta i å vere med på dette arbeidet.
Vi i Tysnes Turlag er klare også neste år som er definert som “Friluftslivets År”.

Tekst og bileter: Per Verner Aase