Tysnes Husflidslag inviterer born til ei triveleg stund rundt bålet

Publisert av: Martha Nygård Lande
4/4/2022 19:28

Tysnes Husflidslag lager til tur til Korsfjorden for born frå 1. klasse og oppover.

«Rundt bålet» er eit landsomfattande prosjekt retta mot barn og ungdom med fokus på trearbeid, mattradisjonar og håndverk. Prosjektet har fått tildelt 1,4 millioner frå Sparebankstiftelsen DNB, og skal være med å auke engasjementet blant barn og ungdom for bærekraft og ansvarleg forbruk.

«Rundt bålet» er eit tiltak med husflid- og håndverksaktivteter som passar ute i naturen. Tildelingen fra Sparebankstiftelsen DNB skal ruste opp 100 husflidslag med verktøy og redskap til bruk i uteaktivitetar for barn og unge, formidlingsmateriell knytta til spikking og trearbeid, instruksjonsfilmar, og opplæring av instruktører.

Tittelen «Rundt bålet» er valgt som bilde på ein samlingsstad for uteaktivitet, både som metafor og som ein fysisk læringsarena. Det er rom for fysisk utfolding, oppøve motorikk, sosial samhandling, stimulere fantasi og skaperglede, bli kjent med dei mogelegheitane naturen har å by på og vidareføre immateriell kulturarv.

«Rundt bålet» set fokus på naturen som emnetilfang av materialer til ulike typar husflid, spesielt knytta til tradisjonell bearbeiding av trematerialer.

Prosjektet er del av Norges Husflidslags satsing Holdbart, som synliggjer samanhengen mellom husflid og bærekraft. Kunnskap om material og teknikkar er forutsetningar for å gjere ansvarlege valg som forbrukar. Det å laga, reparera og utnytta ressursane som ligg i det vi omgir oss med, var tidlegare ein sjølvsagt del av allmenndanninga, og er ein del av vår immaterielle kulturarv.

Turen startar ved Husflidslaget i Våge, og så spaserer ein opp til Korsfjorden.

I skogen skal dei finne emner som det skal spikkast pølsepinner av. Dei skal brukast til å grilla pinnebrød og pølser med.

Husflidslaget stiller med nødvendig verktøy, førstehjelpsutstyr, pølser og deig til pinnebrød. Du må sjølv ta med kopp, drikke, sitjeunderlag (og ein vedkubbe om du har).

Foreldre/føresette er også velkomne til å vera med. Meld i tilfelle frå om det ved påmelding. Du kan lesa meir om påmelding og klokkeslett her.