Store oppslag

Publisert av:
2/2/2010 13:45

I går pryda framsida av Bergens Tidende nyhende frå Tysnes. Også i dagens utgåve er det førsteside stoff.

Saka omhandlar om ordførar Helge Hauge har handla i ei dobbeltrolle i samband med tomtekjøp på Reksteren.

I BT i går var det over to fulle sider. I dagens avis er det over ei heil side, då med fokus på at lensmann Lorentz Lunde innkalla Hauge til eit buoppgjer i same sak.

Jussprofessor Jan Fridthjof Bernt og politimeister Ragnar Auglend er kritiske til saka, skriv BT. Kjetil Hestad i kontrollkomiteen i Tysnes, seier til BT at dei vil gå gjennom saka.