Kråkereiret – musikk frå Tysnes på NRK, Urørt
27/11/2009 18:30
Kråkereiret har sitt utspring i kabaretlaget ’Kråko’, altså gruppa som arrangerte kabareten ’Linjer i livsens bok’ no sist vinter.
Gruppa har oppretta ei side på Urørt der dei kjem til å presentera original musikk relatert til Tysnes. Først ute er Marianne Tvedt med to rolige balladar, – nesten for salmar å rekna. Det passer godt no i juletider, – spesielt julesongen ’Fred’ høver godt. Dette er ein song Andres Bakke har skrive ein tidsaktuell tekst til med tona av underteikna. Også ’Små ord’ er tolka av Marianne på ein ny og fin måte.
Endre, Vidar og Tore (Hodneland) står bak musikken, og vil nok verte mykje med når ’Kråkereiret’ skal utvida repertoaret sitt frametter. Nokre av melodiane frå kabareten vil òg med tida verta bli presentert her, – då songen inn av dei rette aktørane som var med på original kabareten.
Marianne skal syngja ’Fred’ på årets julekonserten i Tysnes kyrkja, noko me alle ser fram til. Dei som vil nyta ro og fred og vil lytta til Urørt kan klikka her no >>>
Kolle