Feira 17. mai i Alanya

Publisert av: May Britt Meland
18/5/2025 09:29

Sjølv om ein befinn seg i utlandet, vert den norske nasjonaldagen feira. Mailinn Helland Hagen og familien starta dagen på strando i Alanya, før dei pynta seg og gjekk inn til sentrum for å gå i 17. mai tog. Den norske ambassaden takka ordføraren i Alanya for at nordmenn fekk markera dagen. Det var eit lite korps fyrst i folketoget som gjekk ein runde i sentrum, fortel Mailinn. -Mange nordmenn deltok, store og små, og fleire bunadar, både Hardanger og Bergensbunad.

Etterpå koste familien seg med jommagraut og spekemat og eit flott kakebord til dessert.

Ei i flott feiring i Alanya!

Foto: Mailinn Helland Hagen