Åtvaring

Publisert av:
9/11/2009 08:21

Ein lesar av Tysnesingen fortel at det søndag var utanlandske personar rundt på dørane i Uggdal og selde på blomar.

Dette er nok ikkje ulovleg, men seljarane var svært pågåande. Ei bestemor i Uggdal vart “frålurt” 400 kroner for ein kvast. Det vert fortalt at seljarane, som ikkje snakkar norsk, pressar seg inn til gamle folk.

Politiet er informert om seljarane, og ein ber folk vera obs på desse.