Foto: Båtlaget Njord/Tysnes. Her i frå Sumarregattaen i juli i år.

Treningsregatta for oselvar spri

Publisert av: Martha Nygård Lande
12/8/2022 10:23

Laurdag 6. august arrangerte Båtlaget Njord/Tysnes treningsregatta for oselvar spri.

Denne regattaen er viktig for å gje siglarane god trening før Oselvar NM.

Oselvar NM vert i år gjennomført hos Milde Båtlag (arrangert av Bergen Seilforening) den 20. og 21. august.

Det var totalt fem lokale båtar påmeldt treningsregatta og det vart sigla fem siglasar i flotte forhold med god og jevn vind frå nord-vest.

Dette var ei god trening både for siglarar og for arrangørar.

Resultatliste:

  1. Jan Vee
    Eline Teigland Bakke
    Jostein Hatteberg
  2. Bernhard Gjerstad
    Vegard Gjerstad Kleppe
  3. Arild Teigland Gjerstad
    Torunn Nødland
    Olav Sigurd Nødland
  4. Kåre Gjerstad
    Kristin T Gjerstad Kleppe
    Thor Aakre
  5. Knut Ove Gjersvik

    Ingrid Storetvedt
    Basir Abdul

 

Her er link til ein videosnutt frå treningsregattaen:

Treningsregatta Båtlaget Njord/Tysnes